Sjokket var stort blant britane då det vart kjend at den populære TV-stjerna Jimmy Savile hadde forgripe seg på barn i fleire tiår. Ei rekkje offer for seksuelle overgrep har sidan valt å stå fram og fortelje om kva for konsekvensar opplevinga har hatt for dei sjølve, partnarane og familiane deira. Vi møter også journalistar, politi og frivillige som fortel om arbeidet med å avdekke brota og forsøka på å bøte på skadane.